Storm stoggar hurtigbåten – må stå over fleire stoppestadar

KANSELLERER: Norled kansellerer to avgangar onsdag.

KANSELLERER: Norled kansellerer to avgangar onsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BÅT: Hurtigbåten mellom Selje og Bergen legg ikkje til kai ved Smørhavn i dag grunna vêret. Norled ber folk som skal ta båt følge med på Norled sine heimesider.

DEL

– Kapteinen sjølv tar avgjerda på kansellering etter kvart. Han tek heile tida omsyn til vêret, seier Janet Steine, trafikkleiar for hurtigbåt.

Norled melder at dei har kansellert anløpet av Smørhavn på den sørgåande ruta frå Selje til Bergen grunna vêrforholdet. Først vart båten som skulle gåfrå Selje klokka 15.20, og skulle ha lagt til kai ved Smørhavn klokka 16.30, kansellert. Seinare melde Norled at alle anløpt frå Smørhavn onsdag kveld, blir kansellerte.

– Vindretninga er avgjerande for at Smørhavn blei kansellert, legg Steine til.

Ho ber folk som skal ta båt i dag følge med på Norled sine heimesider.

– Der legg vi ut pressemelding så fort det skjer noko, seier ho.

Hurtigbåten vil heller ikkje legge til kai ved Skjerjehamn på grunn av vêret.

Artikkeltags