Widerøe permitterer tilsette på 14 flyplassar

PERMITTERER:Bakkemannskap i Widerøe blir permittert.

PERMITTERER:Bakkemannskap i Widerøe blir permittert. Foto:

Ingen flyplassar i Sogn og Fjordane er råka.

DEL

I samband med SAS- streiken, permitterer Widerøe tilsette ved 14 flyplassar. Årsaka er at dei har mindre behov for bakkemannskap sidan dei til vanleg handterer SAS sine flygingar.

Det seier Silje Brandvoll, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe, til Firda.

Ikkje noko bakkemannskap ved  flyplassane i Sogn og Fjordane er råka, men ved Flesland i Bergen er fleire permitterte, seier Brandvoll til Firda.

Totalt er det 76 tilsette som no er permitterte.

– Vi har gitt folk tilbod om å ta ut ferie eller avspasering og nokre har nytta seg av det, så vi er no oppe i 76 permitterte.

Desse flyplassane er råka av permitteringane: Ålesund, Alta, Bergen, Bodø, Evenes, Kirkenes, Haugesund, Kristiansand, Kristiansund, Longyearbyen, Molde, Stavanger, Tromsø og Trondheim.

Flygingane til Widerøe går elles som normalt.

Storstreik i SAS – opptil 80.000 passasjerar ramma 

Artikkeltags