Hege Lothe frå Sandane kan bli ny leiar i Vestland SV

PÅ TOPP: Hege Lothe er innstilt som leiar i Vestland SV.

PÅ TOPP: Hege Lothe er innstilt som leiar i Vestland SV. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: – Den viktigaste utfordringa blir å skape eit nytt storfylke som tener både bygdene og byane, meiner Lothe.

DEL

Valnemnda til SV i Hordaland og Sogn og Fjordane vil ha Hege Lothe som leiar i Vestland SV.

Hege Lothe (46) er i dag kommunestyrerepresentant i Gloppen for SV og er direktevald landsstyrerepresentant. Ho er tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV. Ho bur på Sandane og er tilsett som informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.

– Vestland SV har god medlemsauke og medvind i målingane. Det er difor spennande å få lov til å vere med på å utvikle to fylkeslag til ein slagkraftig og effektivt valkamporganisasjon fram mot fylkestinget og kommunevalet, seier Lothe i ei pressemelding.

Partiet var imot samanslåinga av dei to fylka:

– Vi vann ikkje fram, så no er den viktigaste utfordringa å skape eit nytt storfylke som er tenleg både for bygdene i distrikta og for byen i sentrum. Då trengst SV for å lage miljøvennlege kollektive løysingar og ein solid politikk for tenester og utvikling i heile fylket, seier Lothe i pressemeldinga.

Komande helg blir partiet stifta på Scandic Flesland og der skal valnemnda si liste stemmast over.

Valnemnda foreslår i tillegg følgande liste:

Politisk nestleiar: Gina Barstad, Bergen

Organisatorisk nestleiar: Akthar Chaudry, Stord

Økonomiansvarleg: Audun Syltevik, Bergen

Distriktspolitisk: Gaute Losnegård, Askvoll

Folkevalt ansvarleg: Torunn Olsnes, Bergen

Fagleg politisk: Hege Bjørnør, Bjørnafjorden

Kvinnepolitisk: Vibeke Johnsen, Sogndal

Miljøpolitisk: Ingrid Rekkavik, Bergen

Styremedlem: Åsmund Bertelsen, Sunnfjord

Styremedlem: Geir Madsen, Kvam

Styremedlem: Hilde Marie Boberg Andresen, Bergen

Innstilling til Landsstyrerepresentant Sogn og Fjordane

LS representant: Hege Lothe, Gloppen

Vara 1: Vibeke Johnsen, Sogndal

Vara 2: Åsmund Bertelsen, Sunnfjord

Vara 3: Gaute Losnegård, Askvoll

Innstilling til Landsstyrerepresentant Hordaland

LS representant: Gina Barstad, Bergen

Vara 1: Torunn Olsnes, Bergen

Vara: 2 Hege Bjørnør, Bjørnafjorden

Vara 3: Akthar Chaudry, Stord

Artikkeltags