Politiet ber om å få bere våpen permanent på Flesland

Blir søknaden innvilga vil reisande observere at politiet på Flesland går med våpen.

Blir søknaden innvilga vil reisande observere at politiet på Flesland går med våpen. Foto:

Onsdag sende Vest politidistrikt søknad om punktvæpning på ubestemt tid.

DEL

Politimeister Kaare Songstad i januar at det var sett i gang ein prosess i politidistriktet for å klargjere grunnlag for at det skal gjevast såkalla punktvæpning på lufthamna.

Søknaden om punktvæpning på Bergen lufthamn Flesland vart send til Politidirektoratet 8. mai, skriv BA.

– Bakgrunnen for søknaden er ein kombinasjon av trusselbildet, og at politiet har internasjonale forpliktingar knytt til sikkerheit ved lufthamner. Opninga av den nye terminalen på Flesland har ført til større avstandar og ved eventuelle hendingar må politiet ha kort responstid, opplyser politiet i ei pressemelding.

Endeleg avgjerd skal gjerast av Justis- og beredskapsdepartementet.

Punktvæpning betyr væpning i uavgrensa tid av politiet knytt til ein bestemd stad. Slik væpning er knytt til sårbare objekt, som lufthamner, eller andre trafikknutepunkt, eller objekt som har stor symbolverdi.

På Gardermoen har politiet vore mellombels væpna sidan november 2017. Politiet opplyser at det ikkje finst konkrete truslar mot Bergen lufthamn.

– Dette er eit føre-var-tiltak. Reisande på Flesland treng ikkje bekymre seg for eiga sikkerheit, seier politimeister Kaare Songstad.

Artikkeltags