– Dette betyr veldig mykje for meg. Eg kan ikkje berre stå i galleria og gnåle.
Det seier kunstnaren sjølv. På torsdag blei dei 36 bilda hengt opp på veggane i restauranten til Ole Bull Scene i Bergen. Klokka 19.30 fredag kveld blir utstillinga offisielt opnast med mat, drikke, underhaldning og talar.
Ole Bull Scene ligg midt i Bergen sentrum, og er ei anerkjent scene for revyar, konsertar og teater. Restauranten deira heiter Storm Kjøkken & Bar. Namnet er lånt frå Ole Bull sin far, som heitte Johan Storm Bull.
Torsheim var øvst på ønskelista
– Eg elskar pennen til Torsheim, seier Sølvi Rolland, som er eigar og drivar av Ole Bull Scene.
Heile Ole Bull-huset har dei siste fire åra gått gjennom ei oppussing, og siste del av denne var restauranten. Rolland har ønskt ein kunstnar som kunne sette prikken over i'en på restaurantlokalet.
– Uansett kor du er på huset her, vil eg at du skal ha kjensla av å vere i eit kultur- og underhaldningshus. Torsheim har ein morosam og intelligent penn med mykje fargar. Eg var fast bestemt på at Torsheim måtte vere den rette kunstnaren å samarbeide med. Han var øvst på ønskelista, seier Rolland.
Torsheim og dottera Jorunn Torsheim var positive til å stille ut i restauranten, og har den siste tida vore med å plukke ut dei rette bilda.
– Det er veldig kjekt og beærande at det er Torsheim som set prikken over i'en på draumen om det fullverdige kultur- og underhaldningshuset, seier ho og skryt av samarbeidet deira:
– Både Oddvar, Jorunn og mannen hennar Pål har vore med på heile prosessen med å plassere bilda. Alt har ein tanke, og det er ikkje eitt bilde som er hengt opp ein tilfeldig stad, seier Rolland.
Svært nøgd med resultatet
Oddvar Torsheim blir naturlegvis å sjå på opninga fredag kveld. Han kjem rett frå ei lukka opning av den nye Larris-scena i Førde, som varte til seint på torsdagskvelden.
Han var spent på korleis bilda hans var hengt opp i Bergen, men blei svært nøgd då han møtte opp på restauranten fredag ettermiddag.
– Det såg spennande ut, verkeleg! Det var glød i fargane og godt montert. Det er spennande å få ei eiga utstilling midt i byen. Dette er jo midt i smørauget, seier han.
Dei 36 bilda som Ole Bull Scene har kjøpt er alt frå kjente Torsheim-motiv til hittil upubliserte verk. Bilda er bevisst monterte utan utstillingsglas.
– Det blei veldig fint, med matte flater slik at ikkje bilda skal skine for mykje frå lys utanfrå, seier Torsheim.
Kunstnaren skryt av hjelpa han har fått frå dottera Jorunn og svigersonen Pål Bråtelund, som begge jobbar for å få kunsten hans ut.
Han legg også til at hans ferskaste barnebarn Nils (éin månad) kom saman med Jorunn, og dermed fekk sjå si første utstilling.
Skal signere ein vegg
På den lukka Larris-opninga i Førde på torsdag bidrog multikunstnaren med songnummer. Men det spørst om han tar mikrofonen fatt under utstillingsopninga i Bergen.
– Eg har ikkje avtalt noko, så eg trur eg skal halde kjeft. Men Jorunn skal synge, seier Torsheim.
Under opninga i Bergen skal også Torsheim skrive signaturen sin på ein vegg.
– Viss dei har nokre skikkeleg pennar, så kan eg vel klare det, seier han.