Trusselsituasjon viste seg å vere jaktlag som skaut skada vilt. Ikkje i Borgund, men i Bergen

Politiet har sendt ut ei pressemelding etter at dei tidlegare i dag melde om ein trusselsituasjon i Borgund i Lærdal.

DEL

– Laurdag, ca. kl. 17:15 fekk politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt melding om ein trusselsituasjon på Hatleberg, Borgund i Lærdal kommune. Meldinga inn til politiet var at ein mann gjekk rundt med ei rifle og skaut rundt seg. Det blei meldt om at fleire personar sprang vekk frå mannen og gøymde seg bak nokre bilar. Meldar inn til politiet stod eit stykke unna og meldaren snakka ikkje norsk og dårleg engelsk, skriv operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Meldinga vart vurdert som veldig alvorleg, og ei rekke politiressursar vart sende mot staden. Politiet var væpna. Det vart også sendt mannskap frå brannvesen og helse mot staden.

Feil stad

– På veg fram vart det gjort ei rekke undersøkingar rundt området, om meldaren og anna etterretning Det viste seg etter kvart at hendinga hadde funne stad i Bergen, og at det var viltnemnda som var ute og skaut skada vilt i eit område der det også var personar, skriv politiet vidare i pressemeldinga.

Misforståing

Så politiet fekk stadfesta at meldinga inn til politiet var ei misforståing vart alle ressursar avbrotne, og oppdraget avslutta.

Politiet har vore i kontakt med meldaren og ein representant for viltnemnda. Dei stadfestar begge hendinga og staden for hendinga.

Altså Bergen, ikkje Borgund.

Ingen personar vart skadde, og politiet vil ikkje følge opp saka vidare, då det heile oppstod som ei misforståing mellom ulike etatar og personar.

Artikkeltags