Saka til Andrea Voll Voldum frå Lærdal har engasjert og opprørt folk landet rundt.
For to år sidan melde ho at ho var blitt valdteken av tre menn på ein tur til Hemsedal. Dei tre mennene vart våren 2015 først dømde av tingrettet til seks og eit halvt år fengsel for gjengvaldtekt av ei då 18 år gammal jente.
I juli i år vart mennene frifunne etter at dei anka dommen frå tingretten, men dei må betale erstatning. Dommen blei slik sjølv om fire av sju dommarar meinte mennene var skuldige ettersom ein i lagmannsretten i slike saker krev eit fleirtal der minst fem av dommarane vil dømme.
No skal folk landet rundt delta i demonstrasjonar i protest mot dommen. På Facebook har fleire tusen vist interesse for markeringane.
– Symbol på raseri
Demonstrasjonane er initiert av Kvinnefronten og vil finne stad i Oslo, Bergen, Tromsø, Stavanger og Trondheim, skriv BA. Sogn Avis skriv at det også blir ei markering i Lærdal.
Maria Halvorsen, ein av arrangørane for demonstrasjonen i Bergen, seier til BA at Kvinnefronten har vore aktive i kampen mot valdtekt lenge, og dei synest denne saka var såpass grov at dei følte dei måtte gjere noko.
Trur fleire hundre vil demonstrere
– Når ei så grov sak ikkje blir sett på som eit seksuelt overgrep, då er det ikkje mykje håp for alle dei som har opplevd overgrep som ikkje er så grove eller der det ikkje er så klare bevis, seier Maria Halvorsen.
Ho reknar med at det kjem fleire hundre demonstrantar til markeringa i Bergen ettersom dette er ei saka mange er opptatt av.
– Ein får ein følelse av at overgrepsoffer ikkje har rettssikkerheit i denne typen saker. Det er eit problem at mange seksuelle overgriparar kan gå fri. Denne saka er blitt eit symbol på eit raseri som mange kjenner på, uttaler ho til BA.