Ser samanheng mellom symptom, helseplager og sein opprydding

TRULEG ULMEBRANN: Vest Tank sitt anlegg vart omgjort til eit inferno 24 mai i 2007. Etter eksplosjonen melde fleire om helseplager. No har Gro Tjalvin i si doktorgrad sett nærmare på samanhengen mellom helseplager og det illeluktande avfallet.

TRULEG ULMEBRANN: Vest Tank sitt anlegg vart omgjort til eit inferno 24 mai i 2007. Etter eksplosjonen melde fleire om helseplager. No har Gro Tjalvin i si doktorgrad sett nærmare på samanhengen mellom helseplager og det illeluktande avfallet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GULEN: At det ikkje blei rydda opp i illeluktande avfall før tre år etter eksplosjonsulykka i Vest Tank sitt tankanlegg i Sløvåg, kan ha hatt betydning for helseplagene til folk i området.

DEL

Det meiner Gro Tjalvin, som 2. februar skal disputere i doktorgrada si ved Universitetet i Bergen. 

Her har Tjalvin sett nærmare på om det er samanheng mellom helseplagene folk fekk etter Sløvåg-ulykka 24. mai i 2007 og tida det tok å rydde det illeluktande avfallet vekk. Det melder Universitetet i Bergen i ei pressemelding.

Plaga med helsa

Ingen menneskeliv gjekk tapt i eksplosjonen i Sløvåg, men arbeidstakarar og befolkning melde om fleire symptom etter ulykka. Eksplosjonen førte til ei svært illeluktande luftforureining. Årsaka var at lagertankane som eksploderte inneheldt blant anna eit bensinliknande produkt og eit svovelhaldig botnfall.

DOKTORGRAD: Gro Tjalvin disputerer fredag 2. februar om samanehngen mellom helseplager og oppryddinga etter Sløvåg-ulykka.

DOKTORGRAD: Gro Tjalvin disputerer fredag 2. februar om samanehngen mellom helseplager og oppryddinga etter Sløvåg-ulykka. Foto:

Dei første som var med på oppryddingsarbeidet etter ulykka, hadde meir hovudverk, søvnvanskar, trøyttleik, svimmelheit og depresjon eitt år etter ulykka, samanlikna med arbeidstakarar som budde meir enn 20 km frå ulykkesstaden.

Ifølge avhandlinga til Tjalvin, var symptoma redusert etter fem år, men dei som var nær ulykka framleis var plaga av søvnvanskar og trøyttleik. Doktorgradsarbeidet viste også at arbeidstakarane som opplevde ulykka på nært hold og, eller var eksponert for langvarig illeluktande luftforureining hadde meir posttraumatiske stress-symptom.

Viktig å rydde raskt opp

Sjølv om oppryddingsarbeidet starta med ein gong etter eksplosjonen, var det først tre år etter at det var fullført. I heile denne perioden var det illeluktande avfall frå ulykka i området. I avhandlinga drøftar Tjalvin om det kan ha hatt betydning for helseplagene til folk at avfallet var illeluktande og ikkje blei fjerna før etter tre år.

Ut frå resultata kan det tyde på at det er viktig å rydde opp raskt etter hendingar som involverer illeluktande avfall, for å unngå langvarige helseplager blant dei som blir råka. I pressemeldinga kjem det også fram at helseplager kan bli relatert til illeluktande luftforureining sjølv om eksponeringsnivåa for dei aktuelle kjemiske stoffa truleg var låge samanlikna med grenseverdiar for arbeidslivet.

Les også: 120 frammøtte kravde svar om Vest Tank- plagerMindre helseplager seks år etter og  - Folk i Gulen vil ikkje bli langvarig, alvorleg sjuke

Artikkeltags