Vil du få det med deg, om ei alvorleg krise inntreff? Det får du svar på klokka tolv

DEL

Då skal nemleg Sviliforsvaret teste signalet «Viktig melding - lytt på radio» i alle kommunar og tettstader der det er montert varslingsanlegg, melder Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap i ei pressemelding.

Signalet blir sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr i praksis at du skal søke informasjon i t.d. radio, tv og sosiale medier.

Rundt om i landet er det rundt 1250 varslingsanlegg med sierener som skal varsle innbyggarane ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fred og krig for å varsle om akutte faresituasjonar.

– I fredstid kan varslingsanlegga m.a. brukast ved industriulykker med påfølgjande utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga brukast ved fare for flyangrep, seier Tore Ketil Stårvik, som er sjef for Sivilforsvaret.

Sivilforsvaret testar tyfonane for å sjekke om dei virkar, og eventuelt reparere det som ikkje virkar.

– Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader, og signala vil kunne høyrast av over halvparten av innbyggarane i Norge, seier Stårvik.

Bur du slik til at du høyrer sirenene? Spiss øyrene klokka 12.00, så får du svaret på det.


Artikkeltags