Fire av ti i fylket er svært dårlege på dette

Illustrasjonsfoto av eit sjøkart.

Illustrasjonsfoto av eit sjøkart. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Og med det er vi verst på Vestlandet.

DEL

I ei ny undersøking har Gjensidige spurt landets båtfolk om kor godt dei forstår eit sjøkart, anten på papir eller digitalt. For Sogn og Fjordane sin del er ikkje resultatet noko å skryte av.

Fire av ti båteigarar i Sogn og Fjordane har nemleg svart at dei har ei svært dårleg forståing av sjøkart. 54 prosent meiner dei les sjøkart svært godt eller ganske godt. Dette går fram av ei pressemelding frå Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

– Det er Ipsos som har gjort undersøkinga. Den gir eit bilde av at det er mykje uvisse blant mange av dei som fører bår. Menn meiner dei har betre kunnskap enn kvinner. Tryggast er dei som er godt vaksne mellom 40 og 59, seier Voll.

Han meiner at ein ikkje berre skal stole på elektroniske hjelpemiddel som kartplottar, GPS og autopilot.

– Det er svært viktig å ha ein backup med papirkart og kompass i båten og kunne bruke desse, seier han.

Og om ein har med papirkart, oppfordrar han til å sjekke «datostemplinga» på dette ettersom papirkart blir oppdaterte årleg.

Artikkeltags