12 personar mista livet i fritidsbåtulukker i første halvår - to av dei i Sogn og Fjordane

SAMFUNN: Tre av dei omkomne brukte ikkje flytevest, opplyser Sjøfartsdirektoratet.

DEL

– 12 omkomne er 12 for mykje, seier seksjonssjef Petter A. Søreng i Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

To av dødsulukkene skjedde i Sogn og Fjordane. 19. mai omkom ei kvinne i 40-åra då ein fritidsbåt grunnstøtte ved Selje. 23. april omkom ein mann i 80-åra då båten velta i Vågsøy.

På landsbasis er det vaksne menn som er overrepresentert blant dei omkomne, med ein snittalder på 54 år. Alderen fordeler seg frå 23 til 81 år, og halvparten av ei omkomne var 60 år eller eldre.

Ni av dei omkomne var nordmenn, medan ein av utlendingane var ein fisketurist frå Polen.

I dei fleste sakene ventar direktoratet på avklaring frå politiet om den omkomne eller båtføraren var ruspåverka. Dette er berre stadfesta i tre av dei 12 sakene.

Politiet har også dokumentert at tre av dei omkomne ikkje nytta flytevest. Fire vart funne med flytevest, men av desse var det fleire som ikkje hadde festa vesten skikkeleg.

– Det er viktig at flyteutstyret har riktig storleik og at tilhøyrande belte og stroppar blir festa på ein god måte, seier Søreng.

Fylkesoversikt:

  • Hordaland: 3
  • Sogn og Fjordane: 2
  • Østfold: 1
  • Vestfold: 1
  • Troms: 1
  • Sør-Trøndelag: 1
  • Oslo: 1
  • Nordland: 1
  • Møre og Romsdal: 1

Båttype involvert i dødsfalla:

  • Open motorbåt med utanbordsmotor: 3
  • Seglebåt/seglefartøy: 3Lukka motorbåt: 2
  • Anna fritidsfartøy: 2
  • Kajakk: 1
  • Delvis lukka motorbåt m/innanbordsmotor: 1

Artikkeltags