Ein gut opnar spent matboksen sin på skulen. Den er tom. Guten rekker resignert opp handa og ber om å få gå ut av klasserommet.
Det er starten på den vesle filmsnutten kalla «Matboksen».
Filmen er laga av reklamebyrået Kitchen på oppdrag for Barne, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og er utan dialog.
Formålet med filmsnutten på rundt eitt minutt er å rekruttere fosterfamiliar i nettverk og nærmiljø til born og ungdommar. Det medverkar til at borna ikkje må flytte langt vekk frå alt dei kjenner, forklarer kommunikasjonsdirektør i Bufdir, Elisabeth Ørving, til Bergensavisen (BA).
– Hjarteopnar
– Filmen er tenkt som ein «hjarteopnar» og ein inspirasjon til alle som no eller seinare kunne tenke seg å bli fosterforeldre.
Filmen vart lagt ut på Facebook og YouTube i slutten av mai. Sidan den gongen har filmen blitt vist 250 millionar gonger av folk i alle verdsdelar. Den er delt 3,5 millionar gonger.
– Filmen har tydelegvis vekt mange kjensler og appellerer nok til behovet for å vise omsorg. Dei fleste kan på ein eller annan måte kjenne seg igjen i situasjonen, og folk har delt den med andre, påpeikar Ørving.
(Saka held fram under bildet)
Overraskande respons
– Hadde de som mål at den skulle nå ut til så mange, eller kom det som ei overrasking?
– Det var høgst overraskande og veldig gøy. Det er jo ikkje noko mål i seg sjølv at filmen vert spreidd over heile verda, men det medverkar i stor grad til merksemd og legitimitet for saka her heime. Den store spreiinga og kommentarane vi får, viser at vi har nådd inn i hjarta til folk og at dette er ei sak som engasjerer, fortel Ørving.
Ho meiner den store merksemda filmen har fått, er inspirerande.
– Det viser kor viktig rolle sosiale medium spelar når det gjeld å nå ut til folk med informasjon. Vår oppgåve no er å utnytte merksemda filmen gir og vende oss til folk med meir informasjon. Over heile landet vert det arrangert informasjonsmøte der folk kan finne ut om det å vere fosterheim er noko som passar for deira familie, seier Ørving.
Fleire filmar slår an
Også ein film om Sarah som 14 år gammal kom i fosterheim, har slått an i sosiale medium.
Den har nådd 1,3 millionar personar og er sett over 780.000 gonger så langt. Ingen av dei andre fem regionale filmane har hatt like mange visingar.
Filmen er laga på oppdrag frå Bufetat region vest av Sheriff Film Company.
– Den har også fått enormt med likes og positive kommentarar, seier kommunikasjonssjef Trond Nygard-Sture i Bufetat region vest til BA.
Ørving i Bufdir meiner filmen frå region vest viser at det å vere fosterforeldre nyttar.
– Frå å vere ein sint og fortvila tenåring står Sarah fram som ei takknemleg og vaksen ung kvinne som studerer medisin og drøymer om å bli barnelege. Filmen viser at å vere fosterforeldre kan vere ei fantastisk viktig og gjevande oppgåve.
– Kor viktig er suksessen de har med å spreie kampanjane dykkar via sosiale medium for å rekruttere fosterheimar, meiner de?
– Filmane er eit ledd i ein bevisst strategi for å gjere folk klar over behovet for fosterheimar og «modne tanken» om at dette kanskje er ei oppgåve dei kan ta på seg. Neste steg blir å gje meir informasjon om kva det inneber å vere fosterheim og invitere dei til å ta kontakt med fosterheimstenesta der dei bur, påpeikar kommunikasjonsdirektør Elisabeth Ørving i Bufdir.
Då Kampanje omtalte filmsuksessen for drygt to veker sidan, hadde den blitt sett 100 millionar gonger.