Dei biologiske foreldra til jenta melde Sogn barnevern, fosterheimen og fastlegen i fosterheimskommunen til politiet. Foreldra meinte dei ikkje vart høyrde då dei melde si uro for jenta sine epileptiske anfall, og bad om at ho måtte få helsehjelp.

Fylkesmannen førte tilsyn med barnevernet og konkluderte med at jenta ikkje hadde fått forsvarleg oppfølging, men kunne ikkje slå fast nokon samanheng mellom svikten i tenesta og dødsfallet.

16. juni vart politimeldingane mot barnevernet, fosterheimen og fastlegen lagde bort av Statsadvokaten. Grunngjevinga var «bevisets stilling». Foreldra klaga på Statsadvokaten si avgjerd.

No har Riksadvokaten handsama klaga og lagt bort saka på nytt. Det melder VG.

«Selv om Riksadvokaten er enig med fylkesmannen i at barnevernets oppfølging kan kritiseres, kan en ikke se at denne høye terskelen for straffansvar er overskredet», står det i vedtaket.

– Familien er naturlegvis både veldig skuffa og usamd i den avgjerda. No vil vi krevje erstatningsansvar frå kommunen som eit plaster på såret, og med eit ønske om at dette ikkje gjentar seg i kommunen, seier foreldra sin advokat Louis Anda til VG.