Det norskrumenske foreldreparet i Naustdal som er tiltalte for vald mot barna sine, flyttar frå det norske barnevernet. Familien er no i Romania og kjem ikkje tilbake til Norge, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Saka gjeld det norsk-rumenske ekteparet i Naustdal som midt i november i fjor vart fråtekne dei fem borna sine ved akuttvedtak.
Inngrepet utløyste store protestar internasjonalt, med utgangpunkt i kristne rumenske miljø. Rumenske toppolitikarar har også engasjert seg sterkt i saka, skriv avisa Dagen.
I april vart det yngste barnet, som vart fødd i august i fjor, tilbakeført til foreldra. I juni fekk ekteparet tilbake også dei fire siste etter ein avtale som vart inngått med kommunen i samband med handsaming i fylkesnemnda.
Oppdragarvald
Politiet har parallelt etterforska foreldra for oppdragarvald. Etterforskinga var ferdig i juni. Denne veka vart det kjent at påtalemakta har valt å tiltale foreldra.
– Ei rettssak verkar heilt unødvendig. Det tener ikkje noko anna hensikt enn å følge eit regelverk, seier psykolog Einar C. Salvesen, som har hatt tett kontakt med foreldra til Firda.
Salvesen har lese sakspapira i barnevernssaka og har vore på besøk hos familien etter at barna var komne heim. Til Firda sa han fredag at det familien no treng er hjelp til å komme seg vidare.
– Skal det ikkje få konsekvensar å bryte lova?
– I aller høgste grad, men vi må bruke hovudet. Kva er prisen for ei slik sak for barna? Dei er trass alt komne heim. Eg seier ikkje at dette gjeld alle saker, på ingen måte, men her har ein undersøkt familien og gått inn og retta på det som kan rettast på, då kan eg ikkje sjå at rettssak er nødvendig. Her følger ein lova slavisk, i staden for å sjå på kva som er hensiktsmessig. Det blir for firkanta, og vi misser den menneskelege faktoren.
Kjem ikkje attende
Til NRK seier foreldra sin advokat at dei har opplevd barnevernet som invaderande, og at dei no har flytta til Romania, der dei meiner borna har det bedre.
Advokaten seier at foreldra sjølvsagt kjem attende til Norge for å møte i rettsaka der dei står tiltalt for familievald.