NRK stakk av med alle prisar under utdelinga som gjekk føre seg under Hauststormen i Bergen laurdag kveld.

Det melder Sogn og Fjordane journalistlag i ei pressemelding.

Årets beste nyheitssak

Juryens grunngiving for å gi Bård Siem i NRK prisen for årets beste nyheitssak for Naustdalssaka, er som følger:

– Årets pressepris for beste nyheitssak i Sogn og Fjordane går til ei sak som er svært viktig for dei ho gjeld, men ho betyr også mykje for Noreg. Staten har stor makt, og det er heilt avgjerande at journalistar følger med på at den makta vert forvalta riktig. Dette er eit vanskeleg felt å skrive om, og mange journalistar vågar seg ikkje inn i det. Fleire har skrive om denne saka, men ein journalist har sett dagsorden fleire gonger, med viktige vinklingar og mange gode spørsmål. Årets nyheitssak i 2016 sette eit kritisk søkelys på barnevernet i Naustdal som tok fem born vekk frå foreldra, og prisen går til Bård Siem og NRK.

Heiderleg omtale for saker om politikar-rot

I kategorien beste nyheitssak gir juryen heiderleg omtale til Terje Eggum m.fl. i Sogn Avis.

– I kategorien Beste nyheitssak gir vi heiderleg omtale til ei avis som har gjort akkurat det ei lokalavis skal gjere: Journalistane oppdaga uro og ei mogleg politisk tabbe, og dei trykte på med ei rekke saker dag etter dag. Omtalen har fått konsekvensar, og politikarane måtte rydde opp. Dette er ein viktig jobb i lokalsamfunnet, både for lommebøkene til innbyggarane og for tilliten til dei lokale styremaktene, skriv juryen.

 

I dei to sistnemnde kategoriane hadde juryen ei tøff oppgåve med heile 21 ulike bidrag å vurdere, heiter det i pressemeldinga.

Juryen har vore samansett av Heidi Fagna (leiar), Britt Ingunn Maurstad, og Erik Mellingen.  

Reportasje om forfalne hus til topps

I kategorien beste reportasje, gjekk Tone Merete Lillesvangstu i NRK til topps.
– Dette er mest av alt ei godt fortalt historie. Journalisten brukar fleire kjelder og ho har løyst saka førebileteleg godt. Journalisten klarer å få oss til å kjenna nærleik til ei samling med forfalne hus. Prisen for beste reportasje går til artikkelen om det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster.

Fotopris til «mektig og spennande» reportasje

Fotojuryen var samansett av Marit Hommedal, Scanpix, Oddleiv Apneseth og Olav Øygard (leiar).

Dei bestemte at Årets Fotopris gjekk til Odd Helge Brugrand for reportasjen om Villmannen på Skåla.

– Villmannen på Skåla er ein mektig og spennande fotoreportasje. Kulissane som omgir Skåratårnet, og dei spesielle arbeidsvilkåra, er utnytta på ein god måte. Kontrasten mellom den dramatiske naturen og dei varme menneskeportretta gjev oss ei eksotisk oppleving, skriv juryen i si grunn.
 

Barne-tv til topps i videopris

Den nye kategorien videoprisen gjekk til fotograf Arne Stubhaug, NRK, for Klart eg kan-episoden om Nora.

Grunngjevinga til juryen var: – Filmen og episoden 1:16 grip oss raskt inn i kvardagen til unge Nora og vi involverer oss i utfordringane ho skal til livs. Gjennom ei stødig, trygg og god bildeforteljing er vi med Nora gjennom alle døgnets tider og vi ventar i spaning på korleis dette skal gå. Filmen brukar flittig innklippsbilde som i særleg høg grad ladar produksjonen med den gode, riktige stemninga. Vi er imponert over kor godt fotografen tek i bruk døgnets ulike fargetemperaturar i bilda for å styrke atmosfæren i forteljinga.