– Jobben vår er å gå langt inn i folk sin private sfære. Dersom det berre skjer i lukka rom, kan det bli ganske skadeleg.

Det seier barnevernsleiar i Eid, Bjarte Gangeskar. Han har engasjert seg i debatt, både offentleg og innanfor barnevernet.

Han meiner barnevernet må våge å ta den faglege debatten, stå for det dei meiner er rett, men også innrømme feil.

Mange akuttvedtak

Frå 2008 til 2013 gjekk talet akuttplasseringar opp 70 prosent, ifølge Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Akuttplassering

Barnevernet har plikt til å gripe inn dersom barn eller ungdom er i ein utsett situasjon og treng hjelp med ein gong. Det skjer ofte ved at barnet blir tatt ut av heimen, somme tider utan varsel. Tvangsvedtak utgjer hovudtyngda av akuttplasseringar.

I 2014 var det 1504 akutte tvangsplasseringar. I tillegg kjem 320 akuttplasseringar på grunn av barnets åtferd, og 911 frivillige akuttplasseringar.

Gangeskar trur dei fleste er samde i at barn ikkje skal vere i valdelege heimar, eller der foreldre rusar seg. Ekstreme saker er ifølge Gangeskar lettast å ta avgjerd i, og han meiner at hjelpa frå barnevernet ofte blir tatt godt imot.

– Du ville blitt overraska over kor godt samarbeid vi har med mange foreldre, også der barna er plasserte utanfor heimen. Så er det nokre saker der konfliktnivået blir høgt, og det er desse vi får høyre om i avisene.

Står du i ein heim ein fredagskveld, med små barn som krabbar rundt og foreldra er rusa, er det ikkje alltid lett å ha oversikt til å gjere mildare tiltak.

Bjarte Gangeskar, barnevernsleiar

Høgt konfliktnivå kan det bli i alle saker, men akuttplassering av barn er eit dramatisk inngrep. Gangeskar er kritisk til den store auken:

– Det kan komme av auka fokus på vald, også hos politiet, og at vi er flinkare til å avdekke alvorlege tilhøve. Likevel trur eg vi må sjå på om alle akutte tilfelle må føre til at barnet blir tatt ut.

Gjer ikkje politijobb

Kva kan føre til akuttplasseringar? I saka i Naustdal er det sagt at foreldra ikkje vart kontakta av barnevernet på førehand. Grunngjevinga har vore behovet for at barna skal få forklare seg utan å bli påverka av foreldra.

Gangeskar seier han ikkje kjenner saka, men avviser at sikring av upåverka forklaringar er god nok grunn til akuttplassering.

– Barnevernet har ikkje mandat til å ta ut barn for å sikre politiet sitt arbeid, for oss er det mange måtar å snakke med barna på før ein tar kontakt med foreldra. Om ein gjer ting rett, skal det ikkje vere nødvendig å fatte akuttvedtak før ein får snakka med barna åleine, seier han.

 

Det skal vere reell fare for barnet for å gjere vedtak om akuttplassering. Difor er det ekstra vanskeleg å vurdere saker der foreldre brukar vald i oppdraginga. Barnevernet må balansere barnets tilknyting til foreldra, opp mot fysisk og psykisk skade frå valden. Gangeskar avviser dei som seier at oppdragarvald ikkje er skadeleg, men er samd i at det ikkje alltid er grunn god nok til å ta barna.

– Det kan vere at vi reagerer meir på krisa til den som oppdagar valden, enn krisa til barnet som kan ha levd med vald over lang tid, seier han.

Han trur at det går svært mykje inn på dei som oppdagar vald som har gått føre seg lenge.

– Ei slik melding kan vere overveldande å få, då kan det vere vi reagerer litt for fort.

Slit med nye oppgåver

Det finst andre tiltak. Til dømes omfattande kontrolltiltak. Barnevernet kan også plassere barna nært i hos familie og venner, eller prøve å fjerne den som er til fare for barnet, i staden for å ta ut barnet.

– Vi har ikkje heimel om å vise vekk valdelege foreldre, og kan i beste fall forhandle. Dersom vi står i ein heim ein fredagskveld, med små barn som krabbar rundt og foreldra er rusa, er det ikkje alltid lett å ha oversikt til å gjere mildare tiltak, seier Gangeskar, som er kritisk til dei som vil fjerne akuttplassering frå verktøykassa.

 

Samtidig meiner han at rettstryggleiken til både foreldre og barn er betre tatt i vare med langsiktig arbeid. Det betyr tidleg oppdaging og hjelpetiltak undervegs.

Firda har undersøkt pengebruken i kommunane i Sogn og Fjordane, og i snitt blir det brukt tre gongar så mykje på plasseringar som på hjelpetiltak. Det er stor skilnad på kommunane.

– Hender det at pengane styrer kva hjelpetiltak som blir sett inn?

– Eg har aldri opplevd å bli stoppa av administrasjonen fordi eg brukar for mykje pengar, men vi har dei same utfordringane som andre med å argumentere for fleire stillingar.

I Trondheim har politikarane gjort vedtak om å løyve meir pengar til hjelpetiltak, for å prøve å få ned talet plasseringar. Gangeskar synest det er ein interessant tanke å vri midlane, men meiner at det må føre til større budsjett i ein overgangsperiode.

– Er kommunane gode nok på hjelpetiltak?

– Vi framleis har ein veg å gå, både på kapasitet og kompetanse.

Tidlegare kunne det regionale barnevernet støtte lokalt barnevern med personell som gjekk inn i familiar over tid, men det tilbodet er vekke.

– Det er rett at kommunane har ansvaret, men vi har ikkje klart å bygge opp tilsvarande tilbod. Det handlar nok om at det er krevjande å ha alle typar kompetanse i små barnevern, seier Gangeskar, som helst vil ha større einingar.

Barnevernet i Eid, Gloppen og Stryn samarbeider allereie, det gjer Førde og Gaular også. Begge samarbeida har oppretta eigne tverrfaglege tiltakslag for å ha rett kompetanse. Gangeskar meiner likevel at det er ein lang veg å gå.

Vil bli sett i korta

Sjølv om barnevernet skulle få uavgrensa ressursar, er Gangeskar sikker på at det frå tid til anna blir støy. Då vil han helst at det kjem tilsyn så raskt som råd, og at barnevernet også er så opne som dei kan vere om arbeidet dei gjer.

– Alternativet er å ligge i skyttargravene, og då undergrev vi tilliten til tenesta på sikt.

 

– Er det lov å kritisere barnevernet?

– Vi skal ha ekstremt høg terskel for kritikk.

Ubalansert framstilling

Gangeskar meiner likevel at ein del kritikk har vore for einsidig.

– Det er viktig med kritikk, men eg meiner somme har fått ytre seg vel skråsikkert, utan at det blir stilt spørsmål om motiv, seier Gangeskar.

Mellom anna har ei avis framstilt ein eksadvokat, dømt for underslag og truslar, som menneskerettsekspert. Ei anna avis har brukt ein professor i litteratur som ekspertkjelde. Og psykolog Einar Salvesen har fått ufortent mykje plass, mellom anna i Firda, meiner Gangeskar.

 

– Salvesen kan ha rett, men han uttalar seg ikkje berre om barnevernet, fylkesnemnda, tingretten og Fylkesmannen, han seier også kva påtalemakta skal gjere, seier Gangeskar, og spør om ein mann kan ha oversikt over alt.

I artikkelen er Salvesen sitert på at han meinte full rettssak mot eit foreldrepar i Naustdal var unødvendig, fordi dei allereie hadde lidd nok.