Libero våtserviettar blir kalla tilbake

Libero kallar tilbake Libero Touch Wet Wipes, då produktene har vist å ha eit for høgt nivå av bakteriar. Tilbakekallinga gjeld alle produkt fra grossist, butikkar og forbrukarar med umiddelbar effekt.

Libero kallar tilbake Libero Touch Wet Wipes, då produktene har vist å ha eit for høgt nivå av bakteriar. Tilbakekallinga gjeld alle produkt fra grossist, butikkar og forbrukarar med umiddelbar effekt. Foto:

Av

NPK-NTB: Produsenten Essity kallar tilbake Libero Touch Wet Wipes frå marknaden. Våtserviettane har for høgt bakterienivå.

DEL

Tilbakekallinga gjeld det aktuelle produktet frå lager, butikkar og kundar, opplyser Essity i ei pressemelding.

– Det er ikkje noko som er viktigare enn sikkerheita til eit barn, og vi ser alvorleg på det som har skjedd, seier Jennie Andersson, ansvarleg for produktsikkerheit for Libero hos Essity.

– I dag er det ingen indikasjon på helsefare, og vi har så langt ikkje fått nokon klagar på produktet, fortset ho.

Andersson understrekar at produktsikkerheit har høgste prioritet for Essity, og at selskapet derfor frivillig kallar tilbake alle våtserviettane av merket Libero Touch Wet Wipes mens dei gjennomfører kvalitetskontrollar.

Forbrukarar som har kjøpt produktet, blir bedt om om å ikkje bruke det, og eventuelt ta kontakt med produsenten.

Artikkeltags