Har auka med 30 millionar. Tener 239 millionar på eit halvår

Trond Teigene

Trond Teigene Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: For tiande året på rad aukar Sparebanken Sogn og Fjordane marknadsdelen.

DEL

– Den gode veksten og det gode resultatet gir banken kraft til å utvikle seg vidare, noko som er svært viktig for å sikre Sparebanken Sogn og Fjordane som ein sterk og sjølvstendig bank, seier administrerande direktør, Trond Teigene.

I juni kom SSB si årleg oppdatering for utlån, og den syner at for tiande året på rad har Sparebanken Sogn og Fjordane vekst i marknadsdel, og om lag 1 av 2 lånetakarar i fylket har lån med dei.

– Vi var tidleg ute med å nytte nettbank og digitale løysingar til å følgje kundane, og sikre vekst utanfor heimemarknaden. Det har vore viktig for oss, seier Teigene i ei pressemelding.

Veksten av marknadsdelen syner igjen i rekneskapen til banken, som i første halvår i år har auka utlåna til privatkundar med ein milliard kroner.

Den totale auken i banken gjer at dei i første halvår har eit resultat på 239 millionar, før skatt. Dette er ein auke på 30 millionar mot året før.

– Banken har og ein sterk posisjon overfor næringslivet, og ei av banken sine viktige oppgåver er å bygge opp under bedrifter med lokalt eigarskap. Kombinasjonen av ein solid og sjølvstendig bank, med hovudkontor i fylket og eit næringsliv med lokalt eigarskap, er eit godt utgangspunkt for at næringslivet kan utvikle seg, seier Teigene.

Artikkeltags