I 2017 passerte inntektene til banken for første gong ein milliard kroner (1.042), mot 939 millionar kroner i 2016. Dette er ei auke på 103 millionar kroner, melder banken sjølv i ei pressemelding.

Tala vart gjort kjende saman med presentasjonen av års- og fjerdekvartalstala torsdag.

Administrerande direktør Trond Teigene fortel at auken i totalresultatet skuldast primært god vekst i innskot og utlån, samt verdiauke frå aksjar.

Ein finn også inntekter som syner god utvikling frå sal av forsikringsprodukta til Frende og salspant-finansiering. Banken sitt eigarskap i produktselskapa ber også frukter gjennom auka utbytte, banken eig mellom anna 10 prosent i Frende, ifølgje den administrerande direktøren.

– Resultatet for 2017 gjev oss god driv inn i eit offensivt 2018. Vi har hatt eit 2017 med stor aktivitet, og det fortset inn i 2018, seier Teigene.

Nøkkeltal 2017

• Totalresultat 425 mill. kr (340 mill. kr)

• Netto renteinntekter 854 mill. kr (779 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 57 mill. kr(35 mill. kr)

• Driftskostnader 460 mill. kr (364 mill. kr)

• Nedskriving på utlån 117 mill. kr (120 mill. kr)

• Resultat aksjar tilgjengeleg for sal 57 mill. kr (-8 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 10,8 % (9,5 %)

• Resultat pr. EK bevis konsern 16,60 kr (15,94 kr)

• Utbytte pr. EK bevis 5,25 kr (1,00 kr)

• Foreslått utdelt til utbytte og gåver 110 mill. kr (19 mill. kr)