Sturle har tapt to rettssaker mot banken sin – men gir seg ikkje

TAPTE NY SAK: Sturle Sunde blei nekta å vere kunde hos Nordea og har gått til sak to gonger mot banken. Begge gongane har han tapt.

TAPTE NY SAK: Sturle Sunde blei nekta å vere kunde hos Nordea og har gått til sak to gonger mot banken. Begge gongane har han tapt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Bitcoin-handlar Sturle Sunde frå Florø gjekk mot søksmål mot Nordea, men nådde ikkje fram i Oslo tingrett. 

DEL

Florø-mannen nådde ikkje fram i søksmålet sitt mot Nordea, som avslutta kundeforholdet med han grunna bitcoin-handel. Det melder NRK

Sunde må betale banken sine sakskostnader på nær 390.000 kroner. 

Tente over ein million 

Bitcoin-handelen til Sunde har vore mykje i mediebildet dei siste åra. Bitcoin er ein digital valuta.

– Eg har vore veldig heldig med kursutviklinga, uttalte han vinteren 2017 til Firdaposten. Då hadde han tent over ein million kroner på handelen. 

Frykta kriminalitet

Problema for Sunde starta då banken hans Nordea avslutta kundeforholdet med han. Nordea meinte bitcoin-handelen var i gråsona for ulovlegheiter.

Ifølge Nordea gjekk det opp til 1400 transaksjonar i månaden gjennom Sunde sin konto – alle hadde med kjøp og sal av bitcoin. Nordea meinte kontoen til Sunde blei brukt som vekslingsteneste i transaksjonar mellom kriminelle ved kjøp av narkotika.

Sunde nektar ikkje for at han kunne ha veksla for personar som hadde brukt sine bitcoin på narkotikahandel, men var ueinig i at kjøpar og seljar ikkje kunne sporast.

Ankar dommen

Etter at kundeforholdet blei avslutta, prøvde florømannen å få kontakt med andre bankar for å opprette konto til selskapet sitt, men fekk avslag. Sunde meinte Nordea si oppseiing av kundeforholdet nærast gav han eit næringsforbod, og at han dermed hadde eit økonomisk tap når han ikkje lenger kunne kjøpe bitcoins frå utlandet. Sunde gjekk til sak i desember i fjor, men tapte.

Nyleg gjekk ei ny sak for retten i Oslo. Denne gongen handla rettssaka om kravet Sunde har om å få oppretta ein firmakonto i Nordea, for firmaet sitt Bitmynt As.

Sunde nådde heller ikkje fram denne gongen og må betale banken sine sakskostnader på nær 390.00 kroner. I den førre rettssaka måtte han totalt punge ut 300.000 kr i sakskostnader og for advokaten sin. 

Sunde vil anke dommen som kom denne veka. 

Artikkeltags