Nordea fullfører kjøpet av Gjensidige bank

Inntil vidare vil Gjensidige Bank halde fram å drive som ein sjølvstendig bank.

DEL

Nordea har i dag fullført oppkjøpet og overtatt alle aksjane i Gjensidige Bank ASA. Parallelt med dette vil også den gjensidige distribusjonsavtalen mellom Nordea og Gjensidige Forsikring vere gjeldande, skriv Nordea i ei pressemelding.

Oppkjøpet er no godkjent både av Konkurransetilsynet og Finanstilsynet.

Inntil vidare vil Gjensidige Bank halde fram å drive som sjølvstendig bank, med same merkenamn som no. Gjensidige bank har avdeling i Førde.

Nordea skriv i pressemeldinga at dei ønsker kundar og medarbeidarar i Gjensidige Bank velkomne.

Artikkeltags