Banken hadde eit resultat på 544 millionar i tredje kvartal

RESULTATA KLARE: Sparebanken og regiondirektør Tore Dvergsdal slapp denne veka tala for tredje kvartal for Sparebanken Vest.

RESULTATA KLARE: Sparebanken og regiondirektør Tore Dvergsdal slapp denne veka tala for tredje kvartal for Sparebanken Vest. Foto:

NÆRINGSLIV: Sparebanken Vest sitt resultat for tredje kvartal viser eit resultat før skatt på 544 millionar kroner.

DEL

Banken noterer seg ein fin kundevekst i tredje kvartal. Det fortel Tore Dvergsdal, regiondirektør i Sparebanken Vest, i ei pressemelding. Vidare kan han fortelje at dei gode resultata til banken ikkje nødvendigvis åleine kjem via dei digitale kanalane. Banken fortel om gode resultat innan utlån, med ein auke på 12 prosent.

Banken har også hatt god auke i talet på nye kundar under 13 år.

Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest fortel vidare i pressemeldinga at banken leverer godt på alle frontar, og har hatt ein lønsam vekst i både person- og bedriftsmarknaden.

HOVUDTAL TREDJE KVARTAL 2018 (2017 I PARENTES):

Resultat før skatt: 544 mkr (513 mkr)

Rentenetto: 1,47 % (1,50 %)

Tap på utlån og garantiar: 40 mkr (18 mkr)

Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 11,7 % (12,2 %)

Rein kjernekapitaldekning (Basel 1 golv): 15,0 % (14,9 %)

Artikkeltags