Sparebanken Sogn og Fjordane blir medeigar i Vipps

MEST PRAKTISK: Trond Teigene, administrerande direktør hos Sparebanken Sogn og Fjordane, trur det blir til kundane sitt beste at bankane samlar seg rundt éi løysing.

MEST PRAKTISK: Trond Teigene, administrerande direktør hos Sparebanken Sogn og Fjordane, trur det blir til kundane sitt beste at bankane samlar seg rundt éi løysing. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Betalingstenesta Vipps blir no eit eige selskap, eigd av 106 bankar i landet. Sparebanken Sogn og Fjordane skal eige litt over ein prosent.

DEL

– Frå 2018 er det venta at store teknologiselskap inntar Norge med banktenester. Det beste forsvaret for norske bankar er å samle seg rundt éin app.

Det seier Trond Teigene, administrerande direktør hos Sparebanken Sogn og Fjordane. Saman med 105 andre bankar går dei saman om å eige betalingstenesta Vipps.

– Ingen vil ha ein haug med appar

Vipps blei laga av DNB som ei betalingsteneste der ein berre treng telefonnummer for å overføre pengar til venner og familie. Etter kvart har andre norske bankar laga sine eigne liknande appar under andre namn.

Vipps er den klart mest populære tenesta, med 2,15 millionar brukarar og 204.000 daglege pengeoverføringar.

Teigene meiner det er mest praktisk å samle kundane rundt éi teneste.

– Det å utvikle ein skog av appar er ei dårleg løysing. Ingen vil ha ein haug med appar. Dette blir eit stort skritt i ei retning som gir bankkundane i Norge éi løysing, seier Teigene.

Frå å vere eit dotterselskap av DNB, blir Vipps no eit eige selskap. Eigarane blir DNB (52 prosent), bankane i Sparebank 1 Alliansen (25 prosent), bankane i Eika Alliansen (10 prosent), Sparebanken Møre (1 prosent) og 15 sjølvstendige sparebankar som er deleigarar i Frende forsikring.

Sparebanken Sogn og Fjordane høyrer til den siste kategorien. Desse 15 bankane kjem saman til å starte eit selskap som skal eige 12 prosent av Vipps. Sparebanken Sogn og Fjordane skal eige 10.4 prosent av dette selskapet, altså rundt 1,25 prosent av Vipps.

Samlar seg mot store tek-selskap

Kvifor vil DNB sleppe andre til denne suksessappen?

Grunnen til at dette er smart for dei, er at den store trusselen ikkje kjem frå Norge. Den kjem utanfrå. Banknæringa i Norge og globalt står overfor store endringar. Frå og med 2018 er det venta at store aktørar, til dømes store teknologiselskap, inntar den norske marknaden og tilbyr banktenester på toppen av dei norske bankane. Det beste forsvaret for dei norske bankane er å samle seg, til kundane sitt beste, seier Teigene, men legg til at dei 106 bankane kjem til å konkurrere om kundar uavhengig av Vipps.

Overgangen til Vipps som eige selskap er no i full gang, men nokre ting må på plass.

– Vi jobbar no med å etablere det, men det må godkjennast av myndigheitene. Det har vore dialog med finanstilsynet og det har vore gjort grundig utgreiingsarbeid sidan hausten. Det vil gå litt tid før godkjenningar og det praktiske er på plass, men vi er i full gang, seier Teigene.

Artikkeltags