Nordea kjøper Gjensidige Bank

Tor Egil Nedrebø i Gjensidige Bank, Førde.

Tor Egil Nedrebø i Gjensidige Bank, Førde. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Nordea har inngått ein avtale med Gjensidige Forsikring om kjøp av alle aksjar i Gjensidige Bank for 5,5 milliardar kroner.

DEL

Avtalen omfattar også eit langsiktig strategisk distribusjonssamarbeid med Gjensidige i Noreg, skriv Nordea i ei pressemelding måndag morgon.

– Dette er eit stort steg for oss og støttar opp under strategien vår og ambisjonane våre om å vekse i den viktige norske marknaden. Som Nordens største bank er det naturleg for oss å slå oss saman med det leiande forsikringsselskapet i Noreg, seier Snorre Storset, administrerande direktør i Nordea Noreg.

Banken har eiga avdeling i Førde med 53 tilsette. Banksjef Tor Egil Nedrebø i Gjensidige Bank i Førde seier til NRK Sogn og Fjordane at han førebels ikkje kan uttale seg om saka. Han vil heller ikkje seie noko til NRK om kva salet får å seie for dei tilsette i Førde.

– Denne avtalen inneber at mange fleire nordmenn vil få ein relasjon til Nordea, og vi skal betene dei på best mogleg måte, seier han vidare.

Gjensidige Bank er ein av Noregs leiande nettbaserte banker. Banken tilbyr privatkundar ei rad digitale banktenester, bustadlån, billån, usikra lån og spare- og investeringstenester på nett.

5,5 milliardar

Nordea kjøper Gjensidige Bank for 578 millionar euro, tilsvarande 5.500 millionar kroner, ein sum som vil bli justert for eigenkapitalen Gjensidige Bank genererer fram til overføringa er sluttført. Oppkjøpet, som krev godkjenningar frå styresmakter og andre tilsyn, er forventa å bli sluttført i første kvartal 2019, opplyser Nordea.

Banken skriv at oppkjøpet vil styrke Nordeas posisjon som nest største bank i Noreg og vil tilføre 176.000 kundar med 4.840 millionar euro i utlånsvolum.

– Større og betre tilbod

– Vi reknar Nordea og Gjensidige som naturlege strategiske partnarar. Begge har ein solid internkultur, og vi deler dei same verdiane. Vi er sikre på at alle kundane våre vil dra fordelar av det større og betre tilbodet, seier Storset.

Nordea forventar å levere årlege kostnadssynergiar på omtrent 25 millionar euro frå Nordea og Gjensidiges kombinerte omsetningsgrunnlag innan 2022.

Artikkeltags