Bil i autovernet i Balestrand – førar i 50-åra mistenkt for rus

– Vi har mistanke om at mannen var rusa på alkohol, seier innsatsleiar Øystein Russenes ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

DEL

Politiet melde like over klokka 19 onsdag om ein bil som hadde køyrt i autovernet i Balestrand.

– Det var berre eitt køyretøy og ein person innblanda. Føraren er ikkje skadd, men det er snakk om til dels store materielle skadar, seier Russenes.

Han seier at politiet snart fekk mistanke om at alt ikkje var som det skulle då dei kom til staden og snakka med mannen i 50-åra, som var sjåfør i bilen som krasja.

– Vi mistenker at mannen var rusa på alkohol. Saka vil bli følgt opp vidare, seier Russenes.

Mannen er heimehøyrande i området.

Artikkeltags