Denne finst det berre tre av i heile verda. No er den truleg stolen

Kviknes Hotel saknar ein miniversjon av statuen «Fridtjov den Frøkne»: – Den har fått stå i fred i 61 år.

DEL


Torsdag førre veke oppdaga dei tilsette på Kviknes Hotel at miniversjonen av statuen «Fridtjov den Frøkne» var vekke. No fryktar direktør Sigurd Kvike at den er stolen. Måndag vart saka politimeldt.

– Dette er ein kulturskatt. Den er laga av kunstnar Max Unger og etter det eg veit finst det berre tre eksemplar, seier Kvikne.

Statuen er ein miniatyr av den 22,5 meter høge statuen på Vangsnes, som også er laga av Unger. Den vart gitt til Norge av keisar Wilhelm II i 1913.

Den stolne statuen er laga av bronse, veg 10–12 kilo og er 46 cm høg. Den har stått på hotellet sidan 1958.

– Farmora mi kjøpte den på ein auksjon hos målar Hans Dahl, som var personleg venn av keisaren. Den har fått stått i fred på hotellet i 61 år, seier Kvikne.

Ifølgje Kvikne var det ein roleg dag på hotellet då statuen forsvann, men det var mykje folk innom.

– Kven kan vere interesserte i den?

– Det må vere spesielt interesserte, for eg trur ikkje at den har så stor salsverdi. Eg håpar den dukkar opp att, seier Kvikne.

Har du tips i saka? Kontakt politiet i Høyanger på 577 14 570.

Artikkeltags