Tredobla omsetnaden etter lovendring

POPULÆRE: Ciderhuset sin Epledram har vore veldig populær på messa. Eli-Grethe og Heidrun Eitungjerde Høyvik står på stand for sognebedrifta.

POPULÆRE: Ciderhuset sin Epledram har vore veldig populær på messa. Eli-Grethe og Heidrun Eitungjerde Høyvik står på stand for sognebedrifta. Foto:

BALESTRAND: Frå 1. juli vart det lov å selje alkoholhaldig drikke med opptil 22 prosent direkte frå produsent. Det har gitt Ciderhuset eit løft.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– No har vi meir å tilby kundane våre. Før vart vi litt flaue då turistar spurde om dei kunne få kjøpe med seg ei flaske cider heim, ettersom vi då måtte sende dei vidare til Vinmonopolet fleire kilometer vekke, utan å vite om dei hadde produkta våre på lager, seier Eli-Grete Høyvik, ein av eigarane av Ciderhuset.

Tredobla omsetnaden

Sidan lovendringa i juli har Ciderhuset tredobla omsetnaden i gardsbutikken og dobla salet av alkoholfri drikke. Julesalet var også svært positivt, fortel Høyvik.

Ciderhuset er ei familiebedrift frå Balestrand, og er produsentane bak merket Balholm. Dei lagar cider, eplemost, jus og dram. Denne helga er dei representert på Grüne Woche i Berlin, verdas største mat- og landbruksmesse.

– Dette er tredje året vi deltek og det er så kjekt å vere her. Det går i eitt og vi får veldig hyggeleg respons på produkta våre, seier Høyvik.

Tidlegare denne månaden vart også Balholm sin cider med humle kåra til årets cider. Den er med til Tyskland. Det same er to ulike epledrammar, som ifølgje Høyvik har falt godt i smak hos tyskarane.

Seks utstillarar frå fylket
FOLKSAMT: Standen til Norge på Grüne Woche er svært populær. – Det går i eitt, seier Høyvik.

FOLKSAMT: Standen til Norge på Grüne Woche er svært populær. – Det går i eitt, seier Høyvik. Foto:

I år deltek 77 utstillarar frå Fjord Norge, Sørlandet og Osloregioen, der seks av dei er frå Sogn og Fjordane.

– Satsinga i år er på nasjonale turistvegar, og utstillarane frå fylket viser også dette. Vi er tre reiselivsbedrifter og tre matbedrifter, fortel Høyvik.

Dei andre utstillarane er Marås hjort frå Luster, Vikja AS frå Vik, Sognefjord sjokolade frå Marifjøra, Skjolden hotell og Flatheim friluftsgard frå Viksdalen.

– Norge sin stand får gode skottsmål. Det er blitt ei profesjonalisering av norsk lokalmat dei siste åra, og det er tydeleg at dei naturlege og reine produkta vi har er interessante, seier Høyvik.

Messa opna fredag 20. januar og varer til neste søndag. Dette er 30 gongen Norge deltek.

Les også:

Artikkeltags