Gjekk til topps med restaurant og heimelaga drikkevarer

FEKK PRIS: Gard Eitungjerde Høyvik mottok prisen på vegner av familiebedrifta. Her med Karen Marie Hjelmeseter og fylkesordførar Jenny Følling.

FEKK PRIS: Gard Eitungjerde Høyvik mottok prisen på vegner av familiebedrifta. Her med Karen Marie Hjelmeseter og fylkesordførar Jenny Følling. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

LANDBRUK: Ciderhuset er vinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.

DEL

Innovasjon Norge sin Bedriftsutviklingspris i landbruket 2016 i Sogn og Fjordane går til Ciderhuset. Åge Eithungjerde og Eli Grete Høyvik står bak bedrifta som held til i Balestrand. 

Ciderhuset driv sommar-restaurant og lagar drikkevarer.

Innovasjon Norge skriv i ei pressemelding at bedrifta har utvikla seg til å bli ei mønsterbedrift:

– Prisen blir tildelt med bakgrunn i at bedrifta har utvikla eit driftskonsept som er originalt og basert på berekraftig innovasjon og nyskaping. Både drifta av sommarrestauranten og drikkevareproduksjonen er eksempel på at reiselivsutvikling, kreativ næring og berekraftig produksjon kan gå «hand i hand». Ciderhuset bygger verksemda på tydelege verdiar, og har opparbeidd seg eit godt rykte, både i og utanfor fylket, og internasjonalt. Dette er eit resultat av nær kontakt med og tett oppfølging av kundane.  

Artikkeltags