I dag vart dei heidra for å ha oppnådd det umogelege

Ein gledens dag! seier frå venstre ordførar i Balestrand Harald Norvald Offerdal (Ap), Johannes Brynjulf Thue, Leif Grinde, Margny  «Mulla» Kvikne, Lars Lantto (arkitekt), Aage Engesæter (Førstekonservator NMF ved Norsk Reiselivsmuseum), og Harry Malvin Mowatt (styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane).

Ein gledens dag! seier frå venstre ordførar i Balestrand Harald Norvald Offerdal (Ap), Johannes Brynjulf Thue, Leif Grinde, Margny «Mulla» Kvikne, Lars Lantto (arkitekt), Aage Engesæter (Førstekonservator NMF ved Norsk Reiselivsmuseum), og Harry Malvin Mowatt (styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Endeleg, etter 36 års kamp kan reiselivet i Norge gle seg over å ha fått sitt eige museum.

DEL

– Det har vore eit langt og strevsamt løp fram til opninga i dag, men eg har aldri vore i tvil at vi ville kome i mål til slutt, seier Johannes Brynjulv Thue, ein av fleire som sidan første halvdel av 1980-talet har gått i front for å på plass eit reiselivsmuseum i Balestrand.

Vart heidra

Saman med Leif Grinde og Margny «Mulla» Kvikne vart Thue heidra for innsatsen dei har lagt ned for at draumen om reiselivsmuseum i Balestrand vart røyndom.

– Det har vore mykje om og men, mange opp- og nedturar. Og det har teke tid. Men stundom er det ein fordel at prosjekt tek tid. Då vi starta arbeidet på 1980-talet, hadde vi ikkje sett føre oss eit så eksepsjonelt bygg både arkitektonisk og funksjonelt. Så tida har vore på vår side, slår Thue fast.

Dansar Jonas Øren frå Høyanger ønskte gjestane velkomen.

Dansar Jonas Øren frå Høyanger ønskte gjestane velkomen. Foto:


Thue rosar òg tidlegare avdelingsdirektør Inger Marie von der Lippe for hennar innsats.

– Då det såg som mørkast ut, vedda vi om vi kom til å lukkast. Eg vann. Så no skuldar von der Lippe meg ei flaske god whisky, seier Thue og gliser.

Gav gratis tomt

– I dag er det moderne å snakke om at både det eine og andre har vore ei lang reise. Men i dette høvet er det i høgste grad rett å nytte den formuleringa, seier Margny «Mulla» Kvikne.

Balestrand-kunstnar Bjørg Frøisok Bjøberg i samtale med statssekretær Himanshu Gulati og avdelingsdirektør Geir Jensen i Statsbyggs byggherreavdeling.

Balestrand-kunstnar Bjørg Frøisok Bjøberg i samtale med statssekretær Himanshu Gulati og avdelingsdirektør Geir Jensen i Statsbyggs byggherreavdeling. Foto:


Saman med ektemannen Per som døydde i 1991 har ho vore sentral i å realisere reiselivsmuseet, mellom anna ved å gje gratis tomt til museet. Kvikne rosar òg Inger Marie von der Lippe.

RITULALE: Regiondirektør i Statsbygg Vest, Torbjørn Jensen, overrekkjer Norsk Reiselivemuseums lykel til statssekretær Himanshu Gulati (FrP).

RITULALE: Regiondirektør i Statsbygg Vest, Torbjørn Jensen, overrekkjer Norsk Reiselivemuseums lykel til statssekretær Himanshu Gulati (FrP). Foto:

– Utan hennar målretta og utrøyttelege innsats hadde museet ikkje vore klart i dag!

Statssekretær i kulturdepartementet, Himanshu Gulati (FrP), opnar Norsk Reiselivsmuseum.

Statssekretær i kulturdepartementet, Himanshu Gulati (FrP), opnar Norsk Reiselivsmuseum. Foto:

Indrefileten av Norge

– Balestrand ligg midt i indrefileten av norske reisemål og kva er vel meir naturleg enn å plassere Norsk Reiselivsmuseum her, sa statssekretær Himanshu Gulati (Frp), som føretok den offisielle opninga av museet.

Bygget er skore ut av fjellet med diamantsaging.

Bygget er skore ut av fjellet med diamantsaging. Foto:


Gulati vaks opp i Lavik i Høyanger kommune der faren var lege, og kjenner distriktet godt.

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. Foto:

Artikkeltags