Har opna dei store fjellovergangane. Stengt på Gaularfjellet

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Brøytemannskapa har fått opna dei store fjellovergangane i Sør-Norge etter helge-uvêret, men eit snøras stenger Gaularfjellet.

DEL

Sjølv om sola har skine frå skyfri himmel på kysten av fylket gjennom helga, har stoda vore ganske så annleis i innlandet. Mange fjellovergangar har vore stengde eller hatt kolonnekøyring på grunn av sterk vind og snø, men i morgontimane måndag melder Vegtrafikksentralen i vest om normalisering av stoda.

Fylkesveg 50 Aurland-Hol blei opna igjen søndag kveld, det same gjeld Riksveg 13 over Vikafjellet. Uvêret stengde også Hemsedalsfjellet i helga, men her er det no ope for kolonnekøyring.

To bilar i skred på Vikafjellet

Søndag kveld vart to bilar treft av eit flakskred på Vikafjellet. Bilane køyrde i kolonne og Olav Vikøren som køyrde i den tredje bilen fotograferte hendinga.

Snømengdene var ikkje blant dei verste han har sett, men det var dramatisk nok.

– Det var nok til at den eine bilen vart løfta opp og pressa inn mot rekkverket. Bilen bak klarte heller ikkje å stoppe tidsnok og køyrde inn i raset, fortel Vikøren til NRK Sogn og Fjordane.

Snøras stenger Gaularfjellet

Vegtrafikksentralen melder at fylkesveg 13 over Gaularfjellet, mellom Gaular og Balestrand, vart stengd klokka 03.26 natt til måndag på grunn av snøras. Stenginga gjeld inntil vidare.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet, mellom indre Sogn og Oppland, er måndag morgon framleis stengd på grunn av uvêr. Vegvesenet gjer ei ny vurdering klokka 09 måndag. Sognefjellet er nattestengt frå klokka 20 til klokka 08, i første omgang fram til 22. desember.

Riksveg 7 over Hardangervidda er opna att for vanleg trafikk.

Artikkeltags