Kjartan Lauritzen fekk årets Luttpris

VANN: Årets vinnar av Luttprisen var artisten Kjarten Lauritzen

VANN: Årets vinnar av Luttprisen var artisten Kjarten Lauritzen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KULTUR: – Det er ikkje så mange, inkludert meg sjølv, som trudde at då eg byrja med rapmusikk, skulle vinne noko som helst.

DEL

Laurdag kveld fekk artisten Kjartan Lauritzen årets Luttpris. Det skjedde under musikkfesten på Larris Scene i Førde, der artistmiljøet i fylket blir hylla.

– Tusen takk. Det er jo fantastisk. Det er ikkje så mange, inkludert meg sjølv, som trudde at då eg byrja med rapmusikk, skulle vinne noko som helst. Eg er ordlaus. Dette er ganske hyggeleg, sa han då han tok imot prisen, ifølge NRK Sogn og Fjordane, som står bak Luttprisen.

Kjartan Lauritzen, som eigentleg heiter Per Aki Sigurdson Kvikne, blei stemt fram av ein folkejury og ein fagjury. Den unge artisten utkonkurrerte 10 andre nominerte artistar frå fylket. 

Prisen blir delt ut for 12. gong og vinnaren får med seg heim eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim samt eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Les også: Kjartan Lauritzen fekk Balestrandprisen 2017: – Han har sett oss på kartet, Kjartan Lauritzen nominert til to P3 Gull-prisar og Studentane: – Håpar alle brukar Larris Scene

To andre prisar blei også delt ut under same arrangement. Årets talentpris gjekk til Sofia Hyttedalen frå Gloppen og Furorestipendet frå Sparebankstiftinga gjekk til Aleksander Raftevold frå Eid.

Her kan du lese om korleis Kjartan Lauritzen greidde å skaffe seg ei karriere som artist:

Artikkeltags