Sjark byrja å brenne – to personar er uskadd

Artikkelen er over 1 år gammel

BALESTRAND: Årsaka til brannen er førebels ukjent.

DEL

Like før midnatt fredag fekk Alarmsentralen melding om ein sjark som stod i brann ved Målsnes i Balestrand.

– Det var to menn i båten som var på veg frå Årdal. Personane var komne på land då båten byrja å brenne. Båten har så drive ut frå land, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Brannvesenet i Balestrand og Leikanger rykte ut, men då dei fekk meldinga var båten overtent, opplyser 110-operatør, Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Florø.

Ingen vart skadd i brannen, og til slutt sokk båten. Politiet har oppretta sak på hendinga. Årsaka til brannen er førebels ukjent.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags