Kontroll på brannen i bustadhus i Balestrand

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Brannen er no sløkt, seier vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten klokka 21.30.

Brannmannskapa som kom frå Sogndal og Leikanger for å hjelpe til er i ferd med å pakke saman og returnere.

Brannfolk frå Balestrand skal ha etterkontroll på brannen, og vil ha vakter utover kvelden og natta.

Ein time tidlegare brann det framleis på staden:

– Det siste vi har fått melding om er at brannbefal og tankbil frå Sogndal var framme ved det brennande huset klokka 20.31, seier vaktleiar Kolbjørn Øvrebotten klokka 20.45.

Brannbilar kom med ferje

Politiet melde om at det kom røyk frå eit bustadhus i Balestrand klokka 19.30.

Få minutt seinare melde politiet at huset er under oppussing, og at det ikkje er personar inne i huset.

Klokka 19.40 opplyste vaktleiar Dan Inge Gjesdal ved alarmsentralen i Florø at huset, som ligg i Sværefjorden, var overtent.

Han seier at brannvernet ifrå Balestrand skulle vere framme på staden rundt 19.45. Det var også sendt ut brannbilar frå Sogndal og Leikanger.

Dei måtte ta ferje for å komme til staden. Alternativet hadde vore å sende brannbilar frå Høyanger.

Røykdykkarar gjekk inn

– Dei meldingane vi har fått er at det gjekk røykdykkarar inn for å starte innvendig sløkking klokka 20.04. Ambulanse var framme ved staden klokka 20.15, og samtidig kom også Sognekraft for å ta straumen. På den tid var det ikkje lenger opne flammar utvendig, seier Øvrebotten.

Det var ikkje folk i huset då det tok til å brenne.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken