Kjartan Lauritzen til Balejazz

ARTIST: Kjartan Lauritzen skal spele på Balejazz.

ARTIST: Kjartan Lauritzen skal spele på Balejazz. Foto:

Per Áki Sigurdsson vender heim og er første artistslepp for Balejazz.

DEL

– Det blir heilt vilt gøy å spele i heimbygda si, på verdas beste festival. Balejazz har alltid vore ein del av oppveksten min, og no vi er så klar til å riste litt i dette trehotellet. Folk kan forvente fest, glede, dansing og ekstreme doser med god stemning og kjærleik, seier Sigurdsson Kvikne.

Onsdag melder Balejazz i ei pressemelding at Kjartan Lauritzen skal avslutte laurdagskvelden under årets festival.

Balestrendingen er son til hotelldirektør og festivalsjef, Sigurd Kvikne.

– Det er kjekt at han har gjort det så bra, spelar rundt omkring i heile landet på dei største konsertscenene og at så mange høyrer på musikken hans, seier Kvikne.

Årets Balejazz går av stabelen 4. og 5. mai.

– Det blir som vanleg noko for einkvar smak. Alt frå smal jazz til store publikumsfavorittar og den tradisjonsrike gratiskonserten i hotellhagen. Men spesielt i år er at nokre av konsertane er retta mot eit yngre publikum, som vi også håpar ringrevane blant publikum tek seg tid til å få med seg. Det kjem til dømes ein kjent DJ på Natthuset, seier Kvikne.

BALEJAZZ: Festivalen blir arrangert på Kviknes Hotel i Balestrand.

BALEJAZZ: Festivalen blir arrangert på Kviknes Hotel i Balestrand. Foto:

Artikkeltags