Båt med tre personar har kantra utenfor Averøy

Tre personer har reddet seg opp på et skjær etter at en sjark kantret utenfor Hasseløya på Averøy. Til venstre skimtes båten, til høyre de tre personene.

Tre personer har reddet seg opp på et skjær etter at en sjark kantret utenfor Hasseløya på Averøy. Til venstre skimtes båten, til høyre de tre personene. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SJØFART: Båt frå Solund kantra.

DEL

Tysdag ettermiddag vart det sett i gong ein redningsaksjon utanfor Averøy, etter melding om at ein sjark med tre personar hadde kantra, skriv Tidens Krav.

Dei tre personane kom seg opp på ein holme. Sjarken det er snakk om skal vere heimehøyrande i Solund, skriv NRK.

Redningsskøyta «Erik Bye» la ut frå Kristiansund. Det same gjorde ein lettbåt frå kystvaktskipet «Njord».

Posisjonen til havaristen var først litt uklar. Det vart snakket om at den låg i Langøysundet. Etter kvart blei dette endra til utsida av Hasseløya.

Like over klokka 17.00 melde Hovedredningssentralen at både båten og dei tre på holmen var lokalisert, utanfor Sandøya, og begge redningsbåtane var då i umiddelbar nærleik.

    – Dei skal prøve å få dei tre personen om bord. Skulle ikkje det gå er eit redningshelikopter berre minutt unna, opplyste Eric Willasen ved Hovedredningssentralen.

    To av dei tre personane hadde overlevingsdrakt på seg. Den tredje hadde det ikkje, men var etter forholda i god form, melde HRS.

    Ingen av dei tre skal vere skadde.

    Frå vitne på land fekk Tidens Krav opplyst at dei tre personane på holmen blei løftet opp i redningshelikopteret rundt 17.15. Da hadde dei sete på skjæret i over ein time.

    Sjarken låg kantra ikkje langt unna skjæret.

    Vêret i området er noko ruskete, med opp mot tre meter høge bølger.

    Hovedredningssentralen bekreftar at det er ein sjark ved namn «Øygutt» som har kantra. Denne skal vere heimehøyrande i Solund.

    Opplysningar HRS har tyder på at båten kantra da mannskapet om bord i sjarken bestemte seg for å snu på grunn av dårleg været. Det melder NRK.

    De tre om bord i sjarken melde sjølv frå om forliset.

    Foto:

    Tips Oss
    MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

    Artikkeltags