Seks personar hamna i sjøen - Aurland Hamnevesen får 300.000 i bot etter at brygge kollapsa

Artikkelen er over 1 år gammel

AURLAND: Seks turistar hamna i sjøen då turisbåt brukte brygge som ikkje var godkjend for store folkemengder.

DEL

Aurland Hamnevesen har fått ei bot på 300.000 kroner for brot på hamnelova. Det melder NRK.

Seks turistar hamna i sjøen då ei brygge i Gudvangen kollapsa i 4. juli i fjor. Årsaka var at landgangen losna då 174 turistar skulle om bord i ein turistbåt. Ingen vart alvorleg skadde, men ein person vart frakta til Voss sjukehus.

NRK skriv at det i førelegget er presisert at det var Aurland Hamnevesen som tilbydde turistbåten å bruke flytebrygga og landgangen, sjølv om den ikkje var godkjend for så mange menneske.

Styret i Aurland Hamnevesen skal i dag ha vedtatt førelegget.

Artikkeltags