Ein person kom uskadd frå trafikkulykke i Aurland

DEL

Ein bil har køyrt i fjellveggen i Hagatunnelen på fylkesveg 50 i Aurland, melde Vest politidistrikt klokka 12.30.

Ifølge politiet er det berre ein bil involvert i ulykka. Bilen står no på utsida av tunnelen i retning Hol, og skal ikkje vere til hinder for trafikken.

Føraren skal ha komme seg ut av bilen på eiga hand.

Klokka 12.55 melder Vest politidistrikt at bilførar er sjekka av helse. Han har kome frå ulykka utan skadar. Det er ikkje mistanke om ruskøyring.

Bilbergar er bestilt.

Artikkeltags