Traktor stod i full fyr like ved fjøs- frykta spreiing

DEL

Måndag kveld like etter klokka 22.00 fekk politiet melding om at ein traktor stod i brann ved ein fjøs i Skjerdalsvegen i Aurland. Det var ingen folk i traktoren, men det brennande køyretøyet stod ved sida av ein fjøs som var tom for dyr.

– I dei første meldingane vi fekk inn, var det frykt for at brannen kunne spreie seg vidare til fjøsen, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til Firda tysdag morgon.

Brannmannskap rykte ut og fekk raskt kontroll på brannen.

– Politiet opprettar sak og det blir no jobba med å finne ut kva som skjedde.

Artikkeltags