Natt til søndag og søndag fekk Vegtrafikksentralen vest mange meldingar om glatte vegar og vanskelege køyreforhold.
Det vart også meldt at fleire bilar hadde køyrt av vegen.
Det var blant anna meld om ein bil som sklei av vegen ved Døskeland i Gaular klokka 03.15 natt til søndag, og ein bil som sklei av vegen i Svelgen søndag morgon.
To bilar har køyrt utfor vegen fordi det er glatt
Ingen meldingar søndag ettermiddag
Marius Råve ved Vegtrafikksentralen vest fortel til Firda søndag ettermiddag at dei denne ettermiddagen ikkje har fått meldingar om glatte vegar eller utfordrande køyreforhold i Sogn og Fjordane.
Dårleg vêr over natta
Råve ber derimot dei som skal køyre natt til måndag om å vere obs på vegane.
Det er venta dårleg vêr natt til måndag og det er fare for stengde fjellovergangar.
– Det er meld nedbør og minusgrader, det er dårleg kombinasjon, seier Råve.
Han seier Hol–Aurland, Hardangervidda og Haukelifjell kan bli stengd på kort varsel, og det er mogleg at det blir kolonnekøyring.
– Over Hemsedal og Filefjell er det ikkje venta problem, seier han.
Status nyttårsaftan
Slik er status på fjellovergangane klokka 07.30 nyttårsaftan:
E16 Filefjell- Ope
Rv7 Hardangervidda – Ope
Rv52 Hemsedal- Ope. Kolonnekjøring kan innførast på kort varsel
Fv50 Aurland-Hol- Ope. Kolonnekjøring kan innførast på kort varsel
Fv53 Årdal Tyin- Ope
Rv15 Strynefjell- Ope
E134 Haukeli- Ope