Fann makrellstørje på 200 kilo i Nærøyfjorden

AURLAND: – Det er ikkje godt å seie korleis den har hamna der, seier forskar.

DEL

– Denne fisken, som blei funnen stranda i Nærøyfjorden, ser ut til å ha lege død i cirka ei veke. Dette ser ut til å vere eit streifdyr, altså ein som vandrar åleine.

Det seier Leif Nøttestad, seniorforskar ved Havforskningsinstituttet til Bergens Tidende onsdag.

Ei makrellstørje vart funnen i fjøresteinane i Nærøyfjorden denne jula. Makrellstørja plar å symje i stim og er som regel å finne i Middelhavet på denne tida av året.

Tidlegare har tre store makrellstørjer gått inn i oppdrettsanlegg i Sognefjorden. Det kan vere årsaka til fisken har gått så langt inn i fjorden, trur forskaren.

– Det er svært uvanleg. Endå meir uvanleg er det at den blei funnen no i romjula. Eg trur ikkje vi har registrert slike observasjonar så seint på året før. Dette var ein heilt uventa beskjed å få, seier Nøttestad til avisa.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33 Send video

Artikkeltags