Oppdaga svilukt i bilen – og plutseleg sto flammane ut av panseret

AURLAND: Bilen brann opp, men føraren berga seg ut.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Vi har akkurat fått stadfesta at bilen no er nedbrent, men at brannen er sløkt, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust til Firda klokka 19.44.

Politiet i Vest politidistrikt fekk klokka 19.03 melding om at ei bil var overtent, og det var føraren av bilen som sjølv ringde politiet.

Bilen byrja å brenne på fv. 241 mellom Gudvanga og Bakka, nær Stølsnes i Aurland.

– Føraren melde at bilen var overtent. Han hadde merka ei svilukt medan han køyrde, og plutseleg stod flammane opp av panseret, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at føraren då hadde svinga ut i den første veglomma han fann.

– Det har ikkje vore fare for busetnad her, då dette er ganske avsidesliggande, seier Myklebust.

Operasjonsleiaren fortel at bilen er nedbrent, men at føraren vart teken hand om av brannmannskap på staden.

Artikkeltags