Lastebil hamna i grøfta og hindra trafikken

Ein lastebil står i grøfta like ved småbåthamna i Stongfjrden, melder ein Firda-tipsar.

Ein lastebil står i grøfta like ved småbåthamna i Stongfjrden, melder ein Firda-tipsar.

DEL

Ein lastebil hamna i torsdag i grøfta på fylkesveg 609, like ved småbåthamna i Stongfjorden, melde ein Firda-tipsar.

Ifølgje tipsaren kunne mindre køyretøy passere, medan bussar og andre større køyretøy ikkje kom forbi.

Klokka 17:50 seier tipsaren til Firda at to bergingsbilar kom til og hjelpte lastebilen opp av grøfta.

Vegen skal no vere rydda, og det skal vere fri ferdsle på staden.

Artikkeltags