Fleire vegar stengde

Vegtrafikksentralen ber folk køyre roleg.

DEL

Fylkesveg 57 mellom Dale og Sande blei laurdag kveld stengd etter at ei tre velta over vegen. Vegtrafikksentralen fekk først melding om at det hadde komme ned litt steinar like etter klokka 21. Klokka 21.54 kom meldinga om at også eit tre var hamna i vegen. Klokka 22.47 melde Vegtrafikksentralen at vegen var open igjen.

Då Firda snakka med vaktoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen like før klokka 22.30 var det ikkje oppretta omkøyringsveg.

Også fylkesveg 691 ved Gjengedal i Hyen blei stengd laurdag kveld. Her på grunn av flaum.

Fylkesveg 8 ved Åkre i Høyanger er også stengd på grunn av fare for ras.

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde blei stengd ved Heilevang frå klokka 17.00 laurdag på grunn av fare for ras. Det vil bli tatt ny vurdering klokka 08.30 søndag. Det melde Vegtrafikksentralen Vest laurdag formiddag.

Stenginga skjer på grunn av at det er venta mykje nedbør det komande døgnet, opplyser vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Klokka 17.33 kom det melding om at også fylkesveg 92 Vik – Arnafjord kyrkje er stengd på grunn av fare for ras.

Laurdag kveld 19.30 melder vegtrafikksentralen at vegen blir open fram til klokka 22.00, men at den då blir stengd att. Ny vurdering blir tatt klokka 08.00 søndag.

I tillegg blir fylkesveg 331 Urnes – Skjolden stengd frå klokka 22.00 av same grunn. Også der blir det tatt ny vurdering klokka 08.00 søndag.

Sognefjellet er nattestengt frå klokka 20.00 laurdag kveld og fram til 08.00 søndag morgon på grunn av dårleg vêr.

Det same gjeld gamle Strynefjellsvegen.

Erikstad oppfordrar folk som skal ut på vegane i fylket til å køyre roleg.

– Ein skal vere oppmerksam på at når det er meldt slike store nedbørsmengder, så kan det fort komme ned både stein og jord. Folk må også vere obs på at det kan ligge hindringar i vegen og køyre roleg, seier Erikstad.


Artikkeltags