Alarm i tunnel viste seg å vere ein teknisk feil

DEL

Klokka 18.20 melde Vegtrafikksentralen at det hadde gått ein alarm i Ottersteintunnelen på fv. 609 mellom Dale og Askvoll. Det skal ha vore ein alarm på naudutstyr som hadde gått av.

– Brannmannskap er på veg til staden, sa trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen litt før halv sju.

– Dette kan skuldast ein teknisk feil, eller at ein bil har køyrt i fjellveggen og skrelt ned eit nødskap med brannsløkkingsapparat. Det seier eg fordi det går ein alarm når ein opnar skapdøra, og så går det ein ny alarm når apparatet blir fjerna frå skapet. Denne gongen gjekk begge alarmane samstundes. Det betyr at anten er det ein teknisk feil, eller så har heile skapet blitt skrelt vekk. Eg har opplevd begge deler fleire gonger, seier Sleire.

Brannmannskap frå Dale har rykt ut, og skal vere på staden veldig snart, fortalde Sleire.

SISTE: – Brannmannskap har gått gjennom heile tunnelen, og ikkje funne noko uvanleg. Inga ulykke, ingen ting. Brannsløkkingsapparatet er på plass i det skapet alarmen gjekk frå, så dette skuldast nok ein teknisk feil, seier vaktleiar Benedicte Svardal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til Firda klokka 18.43.

Artikkeltags