Sauebonde oppdaga sjeldan fugl. – Han må ha flydd over Atlanterhavet, i feil retning

SJELDAN: Anders Braanaas er sauebonde på Værlandet. Han er hobbyornitolog og tok dette bilde av den nordamerikanske fuglen.

SJELDAN: Anders Braanaas er sauebonde på Værlandet. Han er hobbyornitolog og tok dette bilde av den nordamerikanske fuglen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: Eremittsnipa har aldri vore observert på det norske fastlandet. No er ho observert på Værlandet.

DEL

Den sjeldne fuglen blei observert og fotografert av fugleentusiast og sauebonde Anders Braanaas.

Eremittsnipa er ein nordamerikansk art og liknar på den Norske skogsnipa.

– Det kom noko godt ut av stormane, seier Braanaas, som meiner dei første hauststormane i år kan han noko med at fuglen kom hit. 

Eigentleg skulle fuglen ha vore i Sør-Amerika no, men om det er stormane, eller ein anna grunn til at fuglen er på heilt feil side av jordkloden, veit han ikkje.

– Det hender seg at fuglar kjem på ville vegar. Han må ha flydd over Atlanterhavet, i feil retning, seier Braanaas.

Han tvilar på at fuglen overlever.

– Fuglane er flinke til å navigere men det blir ikkje lett for den å komme seg tilbake til Nord-Amerika, seier han.

– Det er ikkje godt å seie kva som skjer.

Artikkeltags