I dag startar førehandsvalet – Line (28) oppfordrar unge om å stemme før dei tek til på skule

BRUK STEMMERETTEN: Line Rotihaug (28) oppfordrar unge til  å førehandsstemme før dei reiser for å starte studieåret.

BRUK STEMMERETTEN: Line Rotihaug (28) oppfordrar unge til å førehandsstemme før dei reiser for å starte studieåret. Foto:

– Det er faktisk viktig at vi som er unge stemmer, visst ikkje får dei som er godt vaksne bestemme, seier Line Rotihaug.

DEL

– Veldig mange unge reiser i løpet av denne og neste veke til studiestadane sine. Eg vil oppfordre dei til å førehandsstemme før dei reiser. Det betyr faktisk noko, seier Rotihaug.

Ho seier mange i hennar generasjon har klare meiningar om heimkommunen og heimstaden sin, men likevel er lite flinke til å bruke stemmeretten sin.

Sjølv er ho ungdomspolitikar for Venstre i Askvoll.

– Det er viktig at dei unge sine meiningar kjem fram også i kommunar og på fylke. Slik systemet er i dag betyr det å stemme ved val. Finn ut kva parti de er mest einige med, og bruk stemmeretten, seier Rotihaug.

Ho seier at sjølv om ein akkurat no er ein annan stad for å studere, så har dei fleste tankar om kva som må til for at dei skal flytte heim igjen.

– Tenk på det. Og gå og stem, oppfordrar ho.

Artikkeltags