Steinbru kollapsa – mann i 70-åra fekk steinar over seg

DEL

Ei steinbru i Fossedalen i Askvoll kollapsa og ein mann i 70-åra fekk steinar over seg.

Ulukka skal ha skjedd ute i terrenget og politiet fekk meldinga litt over klokka 15.30.

– Ulukka er mindre alvorleg enn først antatt. Mannen blir tatt med til Førde sentralsjukehus, melde politiet klokka 16.00.

Ifølgje Per Algrøy hos Vest politidistrikt skal den skadde vere ein mann. Han var ein del av eit turfølgje.

Operasjonssentralen har lite informasjon om kva som eigentleg har skjedd, men politiet vil reise på sjukehuset for å snakke med mannen.

Like før klokka 17.30 melder Vest politidistrikt at årsaka til ulukka er at ei steinhelle sklei ut, då mannen gjekk over. Han fall cirka ein meter ned og skal ikkje vere alvorleg skadd.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags