Bil av vegen i Askvoll

DEL

Ein bil har køyrt av vegen ved Loftheim i Askvoll onsdag ettermiddag. Det melde Vest politidistrikt klokka 12.20.

Det skal ha vore ein eldre mann i bilen. Skadeomfanget er ukjent. Han sit ikkje fast og er bevisst og politiet har fått opplyst at han ikkje har synlege skader.

Bakgrunnen for at bilen har hamna av vegen, er ukjend. Politiet opplyser at mannen blir tatt vare på på staden fram til naudetatane kjem fram.

Klokka 12.27 oppdaterte politiet at brannvesen og ambulansepersonell er komne fram på staden. Bilen har komme utfor ei skrent, men har ikkje gått rundt. Airbagen er ikkje løyst ut og politiet har fått opplyst at bilen skal ha køyrt i relativt låg fart.

Ulykka har skjedd på ein sideveg frå Loftheim og det er lite trafikk i området.

Klokka 12.45 melde politiet at mannen er tatt med i ambulanse på er på veg til legevakt i Askvoll for sjekk.

– Mannen var tilsnakkande og orientert etter hendinga, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Han kjenner ikkje detaljane rundt kva som har skjedd, men seier bilen har komme for langt ut på kanten av vegen. Skråninga var såpass bratt at det må bilbergar til for å få bilen opp att på vegen.

Artikkeltags