Vanskelege vêrforhold og køyreforhold søndag kveld

RIKSVEG 5: Vegvesenet åtvarar mot glatte vegar mellom Florø og Førde.

RIKSVEG 5: Vegvesenet åtvarar mot glatte vegar mellom Florø og Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Vegtrafikksentralen åtvarar om glatte vegar.

DEL

Søndag kveld melder Statens vegvesen om glatte vegar på riksveg 5 mellom Florø og Førde, samt i områda rundt.

– Vanskelege vêrforhold gir vanskelege køyreforhold. Entreprenør er ute og strør, melder vegvesenet klokka 21.

Bil utfor vegen på glatta

Ein bil køyrde utfor på fylkesveg 609 i Homedal søndag føremiddag.

– Vi fekk melding om utforkøyringa klokka 10.25 i føremiddag. Det var ein person i bilen, og han ser ut til å ha komme uskadd frå det, seier operasjonsleiar hans Eirik Thue ved Politi vest.

– Bilberging vart bestilt, og bilen skal no vere berga. Vi har ikkje mistanke om ruspåverknad eller andre ting, det var rett og slett veldig glatt føre som var årsak til ulykka, seier Thue.

Veldig glatt i ytre

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen fekk søndag føremiddag meldingar om at det var veldig glatt på fv609 rundt Holmedal.

– Det er noko glatt rundt om. Der det ikkje er glatt kan ein vente seg at det kan bli det, seier Erikstad.

Hittil har han fått flest meldingar frå ytre strøk.

Les også: Bil med vaksen og to born hamna i grøfta og Bil av vegen på E39 i Nordfjord

Ber folk vere obs

– Det ligg rundt 0 grader mange stadar. No har det vore litt nedbør på kysten, då frys det lett på. Folk må vere obs. Det er fort gjort å lure seg. Det er mange plassar det ser ut til å vere bart, men det kan vere glatt, åtvarar trafikkoperatøren.

E39 ved Kringla mellom Førde og Bergen.

E39 ved Kringla mellom Førde og Bergen. Foto:

Fv614, Grytadalen ved Magnhildskartunnelen.

Fv614, Grytadalen ved Magnhildskartunnelen. Foto:

Riksveg 5, Frudalen søndag ettermiddag.

Riksveg 5, Frudalen søndag ettermiddag. Foto:

FV13 over Gaularfjellet ved Mjell.

FV13 over Gaularfjellet ved Mjell. Foto:

Artikkeltags