Gjerviktunnelen skal rustast opp – fem vekers arbeid startar no

Køyrer du gjennom Gjerviktunnelen på Atløy? Då må du lese dette.

DEL

Tunnelen på fv. 5660 skal rustast opp og arbeidet startar måndag morgon.

– Den gamle duken som leier vekk vatn frå tunnelveggen skal rivast, og erstattast av ny vass- og frostsikring. I alt skal det opp 1600 kvadratmeter PE-skum, som skal dekkast med sprøytebetong. Dette vil minske behovet for reparasjon og vedlikehald i framtida., melder Statens vegvesen.

Arbeidet skal gå føre seg frå måndag til torsdag, frå 07.00 til 19.00, i fem veker. Bilistane må rekne med mange stengingar i løpet av dagen.

– Dette for å sikre god framdrift på arbeidet og færrast mogleg veker med heft for trafikantane. Vegen blir difor stengd to-tre timar om gongen, melder Vegvesenet.

Opningstidene vil bli tilpassa trafikken til og frå ferja på morgon og ettermiddag:

  • Frå 07.00-08.20 vil rute-/skulebussar og trafikk til og frå ferja sleppe igjennom.
  • Kl. 10.20-10.25
  • Kl. 11.10-11.15
  • Kl. 12.40-12.45
  • Kl. 14.50-14.55
  • Kl. 15.20-15.25
  • Kl. 16.25-16.30
  • Kl. 16.55–17.00
  • Kl. 19.00-

Artikkeltags